Sundag 5te desember 1926 vart "Ljoshall", huset åt "Fram" ungdomslag, innvigd med fest.

Festen tok til kl. 4 um ettermiddagen. "Ljoshall" var vakkert pynta med grønt, flag og ljos,

so det var ein hugnad å sitja og sjå på alt det vene. Fyrst song me alle so det ljoma i halli

"Gud signe vårt dyre fedraland", og so bad J. Kambo oss velkomne til festen og var litegrann

burtpå "Fram" ungdomslag sitt livsløp. Han takka Jon Moe og Fosse og elles alle som hadde

gjort sitt til at me hadde fått dette huset. So song me "No til anna enn gaman og kjæta". -

Tyssedalstveit takka og for huset og ynskte at det måtte verta vel påpassa. -

Deretter kom Svello på talarstolen, og han heldt ein god innviingstale. Emnet var: "ungdomen

og ungdomsvener". Til slutt nemnde han at det var fyrst i 1880-åra at det tok fart i ungdoms-

arbeidet her i landet. Mest var det bonden å takka, som hadde halde den norske linja sopass

rein. På dei tider reiste Bjørnson rundt i landet og tala til folket, og Ivar Aasen reiste

måltanken. No vert det strid. Ungdomen lyt ta standpunkt. Den frilynde ungdomsrørsla skyt god vokster no, og ein må vera takksam for det. Men so kom krigen som gjorde mykje ilt, ogso

i vårt land. Men so sant me har hatt ei vond tid, kjem her gode tider etter. Kristendom og

Norskdom var mottoet åt ungdomslagi. Talaren ville vona at her i dette huset måtte verta

sagt og gjort mykje godt, so det kunne verta "Ljoshall" i rett meining.

Talen vart varmt fagna, og me song "Dagen var fager, men sol seig i hav" etterpå.

So vart det mat. På bordi var det duka og fint stelt med rjomegraut og annan god, heimelaga

mat. Medan folk venta, fekk me song av songkoret og musikk av Martin Grindheim og Sjur

Moe. Torkel Grindheim las upp eit par stykke. "Ungskogen" fekk me høyra, og den var sers

god i kveld. So var der song og innimillom korte talar: Øystein Grønstad tala om Etne som

sogebygd og Jon Moe tala vakkert um morsmålet. Der vart sunge "Målet hennar mor" og

"Dei vil alltid klaga og kyta". Før presten byrja, song me "Altid frejdig når du går". Flåtten

fortalde so gildt frå Bondeungdomslaget i Oslo, der han som student hadde vore med, og

han ynskte at den gode tone alltid måtte råda her i laget. Han hadde den tru til "Fram" ung-

domslag at det ikkje måtte dansa seg ihel. Til slutt ynskte han at ungdomen måtte finna i

livet det største verd: Jesus Kristus som sin frelsar. So song me "Å leva, det er å elska".

Nervik takka so for at han var innbeden, og han gratulerte "Fram" med huset og det fine

namnet.

Deretter fekk me sjå spelstykket "Rasjonelt fjøsstell". Spelarane var svært flinke. So var det

kaffimat, og etterpå vart det ymsa med korsong og musikk, og morosame songar og viser vart

sungne.

Johannes Kambo takka so alle som hadde halde talar, og festnemnda for alt arbeid som dei

hadde gjort. Deretter takka han skodespelarane for stykket dei hadde synt fram.

So var der leik ei stund.

Vel 300 menneske var samla i "Ljoshall" denne kvelden, og alle var vel fornøgde med festen.

Dette var ein minnerik dag i "Fram" ungdomslag si soga.

Gjøa Gjerde (referent)

30-års-festen 1948
Laurdag den 14. februar 1948 heldt Fram ungdomslag fest. Ungdomslaget var då 30 år.

Festen tok til kl. 19.30 om kvelden. Der var vakkert pynta i salen, så det var ein hugnad å sjå.

Fyrst song me "Gud signe vårt dyre fedreland", og så ynskte Olaf Bjelland alle hjarteleg velkomne, både eldre og yngre, og serleg dei gamle som var med og skipa ungdomslaget og gjekk i brodden for det den fyrste tida.

Så las Olav Vik opp ein fin prolog, som vart vel fagna. Etterpå song nokre ungdomar "Kva me vil, ungdomsflokk".

Hovudtalaren for kvelden var formannen i Hordaland Ungdomslag, Harald Bolstad. Han tala varmt og sterkt om den styrken som ligg i norsk bondekultur, og nemnde ei husmor frå Gudbrandsdalen som under krigen fekk tyskarane til å stogga framfor den tryggleiken og den ansvarskjensla som berre ein eldgamal kulturarv gjev.

Etter talen skulle me til bords og få oss mat. Borda var vent duka, og me fekk oss ein god middag. Under middagen steig Torkel Grindheim opp på talarstolen og las opp eit oversyn

over ungdomslaget sitt arbeid i desse 30 åra.

Det vart halde mange talar ved bordet. Sakførar Auestad nemnde at ungdomslaget hadde gjort mykje til at ungdomane heldt saman i heile bygda. Så song me Etnesongen. Ordførar Vinje

takka for at han fekk vera med på festen, og ynskte ungdomslaget lukke til med godt arbeid vidare. Som vanleg var det sers gildt å høyra på lærar Tesdal. Han er så lettliva på same tid

som han alltid har ein djupare bodskap å bera fram til ungdomen. Amund Fjøsne heldt deretter

ein minnetale over Tjerand Silde, ein av dei fyrste formennene i laget. Det kom klårt fram at han var eit godt menneske og ei eldsjel i lagsarbeidet. Deretter song me "Å leva, det er å elska".

Johannes Kambo tykte det var gildt å få vera med på festen saman med andre gamle medlemer,

og han takka for at han vart innbeden. Den siste som snakka med bordet, var sokneprest Huse-

klepp. Han var no ny her i bygda, sa han, så han var ikkje så vel kjend. Men han tykte det var gildt å få vera i lag med oss. Til slutt nemnde han at her var 2-3 andre hus og i bygda som han ville lika å sjå oss i.

Etter at me hadde ete, vart spelstykket "Giftegalne" framsynt. Det var morosamt, og spelarane kom godt ifrå det. Torbjørg Vik las så opp nokre stykke or "Ungskogen" frå tidlegare tider. Det var gildt å høyra, for god var ho til å lesa, og flinke var dei som hadde skrive. Det var noko å taka etter for oss unge. Etterpå var det godt med kaffi og kringler, serleg for dei eldre som er så glade i kaffi.

Så fekk me hug til å røra på oss litt, og byrja leika. Det vart helst ein stor leikarring den kvelden, men Bolstad var flink til å styra leiken, så det gjekk bra.

Til slutt retta Jens Gjerde ei takk til noverande styre, og komiteen, for alt det strevet dei hadde hatt for å få til ein gild fest. Festen slutta med at me song "Ja, vi elsker dette landet".

Gjøa Sørheim (referent)

50-års-festen 1968
Laurdag 17. februar 1968 var det 50 år sidan u.l. "Fram" vart skipa. Jubileumsfesten vart opna

på "Ljoshall" kl. 20.00 av formannen, Einride Aakra, som ynskte festtalaren, Harald Bolstad,

Bolstadøyri, og reiseinstruktør i Noregs Ungdomslag, Arnhild Aaen, og alle andre gjester velkomne. Han bar fram ynske om at festen skulle verta til glede for alle, og gav så ordet til Lars Nygård, som styrde festen. Før festprogrammet tok til, heldt Endre Tjelmeland ein

minnetale over Maria Tyssedalstveit, som i mange år hadde vore medlem, og sidan æresmedlem i laget.

Til 50-års-festen hadde Petra Fjøsne skrive prolog som ho las opp. Tidlegare formann i Horda-

land Ungdomslag, som òg var talar her på 30-års-festen i 1948, fekk så ordet. I talen kom han inn på den folkereisinga som førde til at dei frilynde ungdomslaga vart skipa utover bygdene, og han streka sterkt under det arbeidet ungdomsrørsla har gjort for kulturell reising og for vern

om norsk mål.

Etter festtalen vart det sett fram fløytegraut og spekemat, som gjestene forsynte seg retteleg godt av. Etter maten fekk me høyra programposten "Laget gjennom 50 år". Det var tidlegare

tillitsmenn og -kvinner som fortalde om arbeidet i laget gjennom eit halvt hundreår. Desse var med: Anders Ø. Grønstad, Brita Sørheim, Johannes Kambo (som no var over 90 år), Gunvald

Auestad, Jens Gjerde, Sverre Førsund, Astrid Ronæs og Einride Aakra. Det var Ottar

Klokkerstuen som styrde samtalen, som gav eit rikt bilete av det som u.l. "Fram" har sysla med i desse åra.

Ein liten leikarring frå laget viste "Bind deg ein blomekrans", "Skreddarsveinen", "Firetur frå Nes" og "Seksmannsril".

Tidlegare formann i u.l. "Fram", Ottar Klokkerstuen, vart utnemnd til æresmedlem i laget. Einride Aakra overrakte han diplom og tinnfat.

Det var òg fleire som kom med korte helsingar og gåver til laget på 50-års-dagen. Arnhild Aaen helsa frå styret i Hordaland Ungdomslag og frå tillitsmenn og tenestefolk i landslaget.

Lars Markhus overrekte ei gåve med helsing frå Markhus u.l. Ottar Klokkerstuen gav laget ein

gåvesjekk som ei helsing frå seg og kona. Elles var det kome ei heil rekkje med blomehelsingar

og telegram til 50-års-jubilanten.

Seinare på kvelden var Olav Aakra framme på scena og let oss få høyra nokre stev. Ingebrigt

Sølvberg las brotstykke frå den gamle lagsavisa, og 90 år gamle Johannes Kambo heldt ein liten helsingstale til ungdomane.

Trygve Midtun, Jon Arne Markhus, Bjarne Grindheim og Stein Gunnar Sandvik sytte for god

musikk, og dei 140 festdeltakarane fekk god tid på seg til å visa kva dei kunne av leik og gamaldans.

Åge Markhus (referent)